To Hender
Når livet vert ein skugge av det som ein gong var
Når ingen roser blømer i ditt sinn
Lyft augo opp til himmelen, til han som er din far
Han kviskrar til ditt hjarta: Du er min!
Når gjennom ville heia du heilt åleine går
Når alle stjerner sloknar på din veg
Då stråler enn i natta ei stjerne rein og klår
Frå dag til dag ho trufast leier deg
Når frosten grip kvar spire, når angsten grip di sjel
Når båten driv omkring på opprørt hav
Då står ein kross og lyser
Om Jesus han fortel, og om det nye livet han deg gav
To hender lyser i mørket
To hender som vil bera deg når du sig i kne
To hender, to naglemerkte hender
skal føra deg til kvile og fred.
No comments:
Post a Comment